Side 128-129.

(...) Men til mi store glede har eg oppdaga at sameungdomen – dei som ikkje har vorte for mykje forsvenska, forfinska og fornorska – har endra kursen radikalt. Blant ungdomen står det samiske høgt i kurs. Kunnskapen har vorte til hjelp for ungdomen, det er merkande.

Då blir det lett til at andre blir ståande att berre å geispe. Samtidig har ungdomen lært seg å bruke dei same våpna som storsamfunnet har brukt. Eg har ei kjensle av at dei ikkje vil tvike med å bruke eit kraftigare språk, slik som dei har lært av majoriteten. Etter hundrevis av år med snakk og lovnader, kven veit... Overfor samane freistar dei nordiske landa seg på ein fredeleg siger, ved å gløyme lovnader og ikkje gjere noko som helst. Tid og utdaning syter så for at det ikkje finst att samar i framtida. Og serleg radio og TV dreg verda inn til samana i krokane deira, for ikkje å snakke om yee yee som tutar ut av alle jukeboxane og fortrengjer nun nun.

Dei velutvikla statane utfører folkemordet sitt ved å gløyme lovnadene frå tidlegare tider, og dei tvettar hendene. Kanskje det ikkje går an å snakke om mord; kva kan ein gjere med det at eit primitivt folk blir sivilisert og lærer å leve som andre folk?

Men når dette blir skrive skin sola over Pättikä, våren er i kjømda, i barmen kvitrer igjen blåstrupen i tru på sol og lys og livsens spire.

Eit folk som ikkje trur det er eit folk, er ikkje eit folk.

Kanskje kjem det uventa, men eg kjenner meg litt vemodig når eg no tek avskil med dykk. Så vil eg berre ynskje dykk fred i sjela og ei god helse. Takk for laget.

 

Oversatt fra finsk av Liv Hatle