Språk Språk Språk Språk

Øystein A Vangsnes

Vi ynskjer universitetsprofessor Øystein A Vangsnes velkomen til Lásságámmi.

Øystein A Vangsnes

Slik presenterer han seg sjølv:

Eg er professor i nordisk språkvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø og professor II ved Høgskulen på Vestlandet. Eg forskar mellom anna på grammatikk, dialektar, fleirspråklegheit, og eg er også oppteken av spørsmål knytt til samisk språk. Eg er initiativtakar til prosjektet Romssa giellariššu – Tromsø samiske språkdusj som er eit tilbod til born med samiskopplæring på 1.-7. trinn i Tromsø kommune. Borna vert samla kvar onsdag til ei språksamling på om lag tre timar leidd av samiskspråklege studentar. Prosjektet er eit samarbeid mellom UiT og Tromsø kommune og mottek også støtte frå Sametinget. Tanken bak prosjektet er å gi dei samiske borna ein ekstra arena der dei kan møta og bruka samisk og der dei også kan bli kjende med kvarandre på tvers av ulike skular. For tida deltek 54 born frå meir enn ti forskjellige skular.  

I eit forsking- og utviklingsperspektiv er ei målsetjing med Romssa giellariššu å utforska korleis ein kan driva samisk språkrevitalisering i ein urban kontekst der borna i stor grad er omgitt av norsk i kvardagen. Opphaldet mitt på Lásságámmi vil eg bruka til å systematisera og skriva ut dei erfaringane me har gjort i prosjektet så langt og til å planlegga vegen vidare for tiltaket. Eg vil også jobba vidare med den tematikken eg har skrive om i artikkelen «Skulen og framtida for samisk språk» som vart publisert i Syn og Segn nr. 4, 2018 https://www.synogsegn.no/artiklar/2018/utgåve-4-18/øystein-a-vangsnes/